Det fyrste kapittelet av det som skal bli ein årleg kuratorfestival i Stavanger står på trappene. Gjennom eit fyldig program og ei utstilling som flettar inn og hentar inspirasjon i frå måleria til Lars Hertervig, invitera kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos og Charles Teyssou ei mengde med nyskapande kunstnarar, tenkarar og aktivistar til å tenke nytt.The first chapter of what is to become an annual curatorial festival in Stavanger is about to unfold. Through a rich programme and an exhibition that draws upon and weaves inspiration from the paintings of Lars Hertervig, the curatorial duo Pierre-Alexandre Mateos and Charles Teyssou invite a host of innovative artists, thinkers, and activists to reimagine the present.
21. juni 2024 opnar den fyrste utgåva av kuratorfestivalen Stavanger Secession.
Den franske kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos og Charles Teyssou inviterer kunstnarar, musikarar, filmskaparar, forfattarar, aktivistar, tenkarar og arkitektar til eit offentleg og byomfattande program for å utforske det avantgarde og nyskapande. Dei ynskjer at det skal vere ein fusjon som blandar ulike retningar og disiplinar. Men også løfte Stavanger som ein leiande kulturdestinasjon og auke samarbeidet med kunsthistorikarar og kuratorar med base i Noreg, men også i andre delar av verda.
Inspirert av fjerne stadar
Kuratorduoen står mellom anna bak Conversations-programmet til Art Basel by Paris+. Men Kuratorfestivalen skal vere inspirert av avantgardiske møtestadar som Black Mountain College i USA eller Monte Verità i Sveits. I Noreg og Stavanger er den dramatiske naturen, og kontrastane mellom den lyse sommarnatta og det langvarige mørket noko av det som var appellerande for kuratorduoen.
Les mer på Kunstavisen